Snøen har endeleg kommen til Grimstad. Fram til no har eg og Gubbe sagt at me bur i Syden. Her har me kost oss med varmegrader, bare vegar og god stemning. Me har òg kost oss med stormar, kjensla av at huset skal rase saman og vassrett regn. Men ja, no er snøen her. Eg [...]
Read the rest of this entry »Eg er priviligert
November har vore her og lagt igjen sludd. Desember har så langt kommen med meir sludd. I leiligheita er det ei blanding av malinglukt og middagslukt. Oppussing er sett på pause. Eg er sett på pause. Eksamen er alt over. Ei skikkeleg stressande periode resulterte i tidleg juleferie. Juleferie. Tankar om alt som bør gjerast [...]
Read the rest of this entry »Mi gode ro
Det som er så fint med å bu i ein liten by, er at det er ei heilt anna ro her enn på bygda. Roa på bygda består i at det er stille. Heilt stille. Kanskje høyrar ein fuglane, kanskje høyrar ein ei ku eller to. Kanskej høyrar ein noko som rørar på seg i [...]
Read the rest of this entry »Vakre haust
Det er ein skikkeleg hausttysdag i Grimstad sentrum. Dei gula blada på treet utanføre klamrar seg fast, men eg veit at det ikkje er lenge føre dei òg må gi tapt for den kaldare tida. Epla fell, og eg bakar eplekaker. Eg drikker store mengder kaffe. Store kopper. Store kopper fyller nevane heilt. Eg sit [...]
Read the rest of this entry »Lukka er ein sjeldan fugl…
… ein tittel Anna Gavalda brukar på ei av bøkene hennar. Måtte mest avbryte boka – kjedelege greier, men tittelen er veldig fin. Lukka er ein sjeldan fugl, og det er ikkje alle som finn han. Nokon gonger kan ein tru at ein har fanga han, men så tar det berre eit augebikk og så [...]
Read the rest of this entry »Vilt…. stille…
pust pust pust pust ein gong til sjå opp, sjå! Vinden leikar seg mellom ospeblada Roleg, vilt Ta det med ro no pust ut Det har vore stille her i det siste. Veldig stille. I løpet av fire veker har eg vore i to bryllauper (der det eine var mitt eiga), bryllaupsreise og to [...]
Read the rest of this entry »Doctor Fish – et meg!
Eg har høyrd at om ein er god til å ta vare på sitt indre, klarar ein lettare å takle kvardagen, uansett om kvardagen måtte vere krevjande eller ikkje. Eg trur eg skal bli flinkare til å ta vare på mitt indre. Vere flinkare til å høyre på kroppen kor tid nok er nok. Eg [...]
Read the rest of this entry »Frå fredag til ro
Igjen er eg plassert på lesesalen. Vindauget som har ein magisk kraft. Vindauget som lar meg sjå Oslo på ein ny måte. Kanskje er det ein måte å komme seg vekk frå pensum, kanskje er det ein realitet. Lesesalvinduget lar meg sjå ting opp/ned. Politibilen står sjevt på fortauskanten. Blålysa blinker og det har flokka [...]
Read the rest of this entry »Møkkaserier som tar tida mi
Eg inbillar meg sjølv at eg er glad i å lese, for det er eg. Nokon gonger inbillar eg meg sjølv at eg les mange bøker, for det gjer eg av og til… Men i det siste har eg gått over til det visuelle hjørnet, og eg likar det kleint. Eg likar dårleg å innrømme [...]
Read the rest of this entry »Vakre november
Novemer har kommet, og eg trasker lukkeleg inn i den siste haustmånaden med nye Dr.Martens. Regnet fyller verda og blada heng ikkje lengre på trea. Og eg likar det. Eg likar fargene. Fargene eg sjølv går mykje med, er dei fargene eg ser når blikket mitt stirrer ut av vindauget. Det er når hausten er [...]