Ein treng litt embalasje av enten plast eller papir av noko slag. Oppi der putter ein oksidasjonsmiddel og ein eller anna form for brennstoff, gjerne aluminium, magnesium eller magnalium. Ein kan òg gjerne putte oppi litt kjemikaliar for å få litt ekstra piff på sakane. Personleg likar eg ikkje så godt alle desse fargane som [...]
Read the rest of this entry »Snart ferdig med 2011. Greitt!
I snart eit år har det vore 2011. For min del har dette vore det året der det har skjedd flest store og små ting. Mykje har eg planlagt, og mykje har skjedd så fort at eg ikkje heilt har klart å henge med. Men her er eg no. Eg heng no her og dinglar [...]
Read the rest of this entry »Hoftane rullar og kaffien skvalpar
Det er desember, det er mørkare ute… og inne for den saks skuld. Eg har alt hatt juleferie lenge. Gubben får ferie i dag. Eg har med andre ord vore ein del aleine dei siste vekene. Kjedeleg, kan kanskje mange tenkje. Vel… Kanskje? Kanskje ikkje… Eg veit korleis eg kan få tida til å gå. [...]
Read the rest of this entry »Eg er priviligert
November har vore her og lagt igjen sludd. Desember har så langt kommen med meir sludd. I leiligheita er det ei blanding av malinglukt og middagslukt. Oppussing er sett på pause. Eg er sett på pause. Eksamen er alt over. Ei skikkeleg stressande periode resulterte i tidleg juleferie. Juleferie. Tankar om alt som bør gjerast [...]
Read the rest of this entry »Mi gode ro
Det som er så fint med å bu i ein liten by, er at det er ei heilt anna ro her enn på bygda. Roa på bygda består i at det er stille. Heilt stille. Kanskje høyrar ein fuglane, kanskje høyrar ein ei ku eller to. Kanskej høyrar ein noko som rørar på seg i [...]
Read the rest of this entry »Vakre haust
Det er ein skikkeleg hausttysdag i Grimstad sentrum. Dei gula blada på treet utanføre klamrar seg fast, men eg veit at det ikkje er lenge føre dei òg må gi tapt for den kaldare tida. Epla fell, og eg bakar eplekaker. Eg drikker store mengder kaffe. Store kopper. Store kopper fyller nevane heilt. Eg sit [...]
Read the rest of this entry »Bitter nostalgi over lesesalen på HiO
Etter å ha budd og studert tri år i Oslo, har eg fått kjenne litt på korleis HiO (no heiter det vel HiOA) er mot studentane. Det er nesten urovekkande at Noregs største høgskule ikkje heilt veit korleis ein eigentleg skal drive skule. Eg har svetta blod på grunn av ubrukelege råd frå administrasjon; forbaska [...]
Read the rest of this entry »Lukka er ein sjeldan fugl…
… ein tittel Anna Gavalda brukar på ei av bøkene hennar. Måtte mest avbryte boka – kjedelege greier, men tittelen er veldig fin. Lukka er ein sjeldan fugl, og det er ikkje alle som finn han. Nokon gonger kan ein tru at ein har fanga han, men så tar det berre eit augebikk og så [...]
Read the rest of this entry »…
Det er noko vakkert ved å komme heim til bygda. Det er riktignok Grimstad som er min nye heim, men ja.. Dykk kjenner vel til det. Det er der ein har budd heile livet som alltid kjem til å ligge hjartet nærast. Bygda er bygda. Kommunevalet har sett sitt preg på det heile. Ordførarkrangelen held [...]
Read the rest of this entry »Vakre Grimstad
Det er fare for at dette blir litt i overkant reklame for vakre, vene Grimstad. Skal eg vere ærleg, så gjer det ingenting. Grimstad er ei perle. Eg er ikkje vand med å bu i småby enno. Eg er ikkje vand med færre menneske på ein stad, her er inga trikk durande forbi vindauge, her [...]