Straumen

42 og kaffekoppen er dei ultimate svara. Utover det har eg ikkje noko konkret å komme med.

Om bloggen og meg

Written By: Betta

Bloggen er det han er. Mange snakkar om at ein må ha ein stil på bloggen sin, ein retning. Vel, om det er slik, så er denne bloggen heilt på trynet. Nokon innlegg er seriøse, andre er høgst useriøse. Nokon er om ting eg brenner for, andre for ting eg skulle ønskje kunne brenne.

Eg likar veldig godt om nokon kommenterar det eg skriv. Enten for å lufte tankar, slakte tankar, bygge opp under tankar som enten er mine, dine eller andres.

Og kvifor skriv eg? Kanskje fordi eg har mogelegheita til det? Eg har ein kvit mac med tastatur og Internett på, altså: eg kan skrive ting og publisere det. Kanskje skriv eg fordi eg trenger å få ting ut av skallen? Eg har aldri planer om å bruke denne bloggen til sjølvterapi. Det brukar eg lukka dagbøker og fagfolk til. Men eg kjem no over ulike saker i livet som eg har lyst til at andre skal få ta del i. Om andre vil ta del i det, det veit eg ikkje, men dei skal no få ta det valet sjølv.

I verdas kaos og stress, har eg funnet meg til rette. I rommet tenner eg lys, brygger kaffe og kryper under eit pledd.  Kanskje ser eg ting på ein anna måte enn mange gjer, kanskje ikkje. Ingen har klart å finne ut om eg er normal eller ikkje. Uansett kva eg er, så er eg ei bygdejente i storbyen. Eg studerer for å bli norsk- og samfunnsfaglærar på ungdomsskulen, og er nærmare målet enn nokon gong tidlegare.

Eg likar å vere i lag med menneske og eg likar å vere aleine.
Eg likar både kaffi og vann, og fotoapparater og symaskiner
Eg er fødd i Sverige, oppdratt i Noreg. Eg har budd på bygda og i byen.
Eg er gift og har mål i livet.

Livet er fullt av kontrastar og eg er lukkeleg for å vere ein del av det.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

CommentLuv badge