Straumen

Norrønt, eksamen og båtlukt
Det er ikkje akkurat nokon skikkeleg saltstraum her på Straumen. Det beklagar eg. Kanskje er det slik at eg er tom i toppen, kanskje er det slik at eg er heilt full i toppen og er redd for at det skal bli tomt om eg sett meg til for å trykke på denne blogg-greia. Kven veit.

Alt eg veit er at eg skal ta båtførarprøva i kveld og er full av navigasjon, kompassmerke, lanterner og redningsvestar. Eg les på så mykje båt- og sjøting at eg kan kjenne tarelukta inn i leiligheita. Nei, vent… Det er fordi eg ikkje bur så langt unna sjøen. Uansett ein ekkel måte å gni inn at eg ikkje har fri nok til å nyte det.

Eg lurar framleis på kvifor eg bestemte meg for å ta denne testen no midt i eksamenstider. Ein stressande periode treng ikkje bli meir stressande enn han i utgangspunktet er.

Semesteroppgåva er levert. Om ei drøy veke skal eg opp i munnleg i nordiske språk. I den samanheng kjem no eit vakkert, lite dikt som passar no i vårtida.

“Völuspá”

Sér hún upp koma

öðru sinni

jörð úr ægi

iðjagræna;

flýgur örn yfir,

sá er á fjalli

fiska veiðir.

Takk for meg. Eg sett meg tilbake i den dunkle lesekroken min. Skimmer frå ei grøn lampe held bokstavane temmeleg i ro. Alt anna får segle sin eigen sjø. I alle fall fram til 30. mai.

Sender med ein av dei finaste musikkvideoane eg veit.

Og ja…. : eg veit at Sigur Rós ikkje alltid syng på eit ordentleg språk. Lydane er uansett veldig, veldig fine.

Við töluðum.

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious

Little Steven and a furry Prime Minister
Eg og min mann satt på ein kaffebar og kikka utover kyrkjebakken. Det var eit roleg ver, og snøen hadde atter ein gong gjort bakken og tretoppane kvite. Bestemora mi dukka opp og satte seg på ein benk. Like etter kom Statsministaren og satte seg ved sida hennar. Han hadde den største pelskåpa eg nokon gong har sett. Det var berre så vidt me kunne skimte at det var Statsministaren sitt hovud stikke ut av all pelsen; han holdt sikkert varmen, i motsetning til bestemor. Statsministaren tok ansvar, og varma hendene hennar. Fleire folk dukka opp. Steven Van Zandt kom og det same gjorde ein representant frå FBI. Fleire ukjende menneske hadde og møtt opp. Eg og min mann forsto no at det skulle skje noko heilt spesielt på denne plassen og tok med oss kaffekoppane. Enno var det ein benk ledig, og me satte oss der. Utifrå kor mange som pressa på for å få god utkikk, forsto me ganske snart at me ikkje hadde noko å gjere på den benken, men velte å bli verande likevel.

Folk begynte å bli hissige på oss. Me hadde tydeleg tatt plassen til nokon vikitge folk. Og når viktige folk ikkje får plassen sin, så blir dei hissige. Det er slik det er med viktige folk. Little Steven såg dette, og kom bort til oss. Han kjende meg igjen med ein gong og gav meg ein god klem. Då kom eg på at han hadde budd hos meg den tida han spelte inn Lillyhammer, og at me i grunn var blitt gode venner. Viktige folk og herr. og fru. Kvardagsen fekk sjå at me kjente kvarandre godt, og lot difor meg og min mann få sitje på benken, men no med den største ro. Me var blitt viktige me òg, no.

Så måtte me vente. Vente på at det skulle skje noko. Det er jo viktig når ein dukker opp for å få med seg kva som skjer, at det faktisk skjer noko. Og så lagt skjedde det ingenting. Heilt til sonen til FBI-agenten blei lei. Han tok ein snøball og kasta på ein journalist, noko som fekk journalisten til å ta bilder i fleng av denne apekatten av ein FBI-son som det “hadde klikka for” og som hadde “blitt heilt rabiat”. FBI-agenten blei tafatt og visste ikkje kva han skulle gjere, men det visste Steven Van Zandt. Han samla saman snø og kasta på Statsministaren, som augeblikkeleg var med på leiken. Eg kasta meg opp på rygge til FBI-agenten, som med eit gjekk i bakken. Eg skufla snø opp i anletet på han, og han hosta og harka og sa at eg ville bli sperra inne. Eg stoppa augeblikkeleg, og han hadde overtaket. Eg blei full av snø. Little Steven kom og redda meg. Han grabba meg opp av bakken og flaug opp til kyrkjetårnet på ekte King Kong-måte. Eg var redda. Bestemor og statsministaren satt der alt. Framleis varma han hendene til bestemor. Kakao og boller med rosiner blei servert.

Historia fekk ein lukkeleg slutt denne gongen òg.

God Morgon.

Helsing Betta og

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious

Kan visst ikkje nekte for at eg har stor byste
Eg veit at det er vanleg menneskeleg atferd å av og til slå av ein prat med butikkansatte. Eg veit at det er vanleg å kommentere veret, temperaturen, planer ein har for helga og i nokon tilfeller kva ein har planar om å bruke dei nyinnkjøpte produkta til. Særleg her på Sørlandet er folk enormt gode på den slags, og stort sett kjens det ikkje klamt og innpåslitande ut. Nei, det er hyggeleg og flott, dog totalt overflatisk. Butikksjefen på Rema 1000 på Odden er eit slikt døme. Han er hyggeleg og stiller spørsmål utan å trampe over grensane til kva som privat er. Praten hans får ein til å ønskje å komme tilbake. Eg trur at han aleine er i stand til å dra opp den heimekoselege stemninga fleire hakk, sjølv om det er ein butikk av Rema1000 sine estetiske reglar.

Det er riktignok ikkje alle butikkar som har det på dette viset. På torvet finnes ein butikk som eine og aleine blir styrt av Fru. Praten-går. Det er ein tekstilbutikk der ho har spesialisert seg på import av tekstil og sying av gardiner og omtrekking av små møbel. Veldig fint tiltak. Eg skal aldri sette mine bein der igjen.

For… Eg skulle ha ein glidelås. Eller “skreilås” som eg ofte seier. Dette fann dama stor humor i og sa at dei på inga måte “hadde ein slik”. Likevel blei eg verande der bittelitt til, for ho hadde verkeleg mange flotte tekstil. Eg kikka litt, kjente litt og medan eg holdt på med mitt fekk eg greie på at ho skulle til Egypt neste veke, og at stolen som ho holdt på å gjere ferdig for XX ikkje ville bli klar til ho skulle reise. Ho måtte jo stenge butikken, sjølvsagt. Ikkje nok med det, men ryggproblema som ho stadig pådrar seg har nok godt av ein tur til varmare strøk, og med det i tankane så er det ikkje så farleg med denne stolen. Gaveartiklar hadde ho forresten slutta med, det er jo så mange butikkar som driv med den slags. Ikkje at folk i denne byen handler av dei heller, for alle reiser jo til Sørlandsparken, så det er ikkje rart det går som det går. Det er folk i byen sitt ansvar at økonomien går bra. Det er ikkje hennar aleine som må ta det ansvaret, men alle. Ho handla alt i byen, utan unntak. Alt!

Ho fortsatte og fortsatte. Eg blei heilt svett i øyra. Eg retta meg opp og gjorde meg klar til å forlate butikken. Då seier ho kor eg kan finne skreilås, og eg seier takk og at eg ikkje har budd her lenge nok til å vite kva for ein butikk som sel kva. Det var i dette sekund at Fru. Praten-går ønska å gi meg nokon velmeinande tips.

“For ikke å være frekk, altså, men jeg kan jo unektelig se at du har en veldig stor byste. Og jeg vet at folk som deg kanskje kan ha vanskelig med å finne BH som passer. Nei, det er ikke lett når vanlige butikker bare har fra A-C. Min venninne har trippel D, og det er jo umulig å finne noe som passer. Har du det på samme viset? Uansett kan du gå i butikken i gata her, for der tar de mål av deg. Og der er de veldig hyggelige også. De har jo selvfølgelig taushetsplikt. Jeg var 35 år, jeg, før jeg fikk vite hvaslags størrelse jeg egentlig skulle ha. Det var da jeg kikka meg i speilet og tenkte: “Å Herregud, er det slik det skal se ut?”. Det ble veldig mye bedre. Og jeg visste ikke at jeg hadde noe å fikse på engang. Det er jo mange som har problem med å finne ut BH-størrelsen i vanlig butikk. Så du burde absolutt ta turen til dame på undertøysbutikken”

Noko inni meg ville gjere fortelle denne damen korleis det eigentleg stod til med min byste. Noko inni meg ville gjere fortelle denne damen at eg på inga måte har problem med å få handla BH og anna undertøy i vanlege butikkar, og at eg ikkje på nokon som helst måte har større byste enn veldig andre damer. Eg sa ingenting. Eg blei ståande å kikke på ho, kankje med ein smule hakeslepp. Nei, eg sa ingenting. Ho her hadde ingenting med korleis BH-storleik eg har.

“For det er jo helt utrolig at butikkene ikke skal spesilisere, ja, eller iallefall ta hensyn til dem som er litt større enn oss andre.”

Det er altså snakk om ei dame eg aldri har sett før. Eg stakk innom butikken hennar for å kjøpe ein skreilås ho ikkje hadde. Eg var på veg ut. Og nemnte eg at eg aldri har sett denne dama før? Er dette vanleg praksis for folk som har eiga butikk og ønskjer å gi kunden nokon velmeinande råd? Eg forstår ingenting. Verkeleg ingenting. Då eg kom ut av butikken var eg passe paff. Og passe knisete. På eit vis var eg lett fornærma over at ei vilt fremmed dame såg på meg og tenkte bastant at eg er større enn gjennomsnittsdama og at det sikkert er eit problem for meg, når ingenting av det stemmer. På eit anna vis blei eg så fasinert over at ei dame som aldri har sett meg før tør å gå rett inn på slike tema. Hadde det vore ei venninne, så kanskje, men ei dame eg ville kjøpe skreilås frå? Neppe.

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious

Idrett etter mitt hjarte
Eg er temmeleg pinglete. Det har eg alltid vore. Denne helga reiste Gubbe på tur, og eg skulle liksom klare meg aleine. Berre tanken på mørket og trollet under senga gjorde til at eg ringte venninna mi og mannen hennar. Dei fungerar som mi dagmamma og min dagpappa. Det er utruleg greitt. Eg fekk komme dit.

Dagpappa er hoppar. Eller, no har han lagt opp, men han er hoppar langt inn i hjarterota. Hans personleg rekord er 209 meter i Vikersund. Denne søndagen lurte han på om eg ville vere med dei på hopprenn. Aldri har eg vore på hopprenn, og sa difor ja utan å tenkje meg om. Sjølvsagt skulle eg vere med! Sjølvsagt. Og me køyrde i veg alle tri. Innover i skauen. Ved ei kyrkje parkerte me, og gjekk den siste biten. Liggeunderlag, niste, kaffe, kakao, varme sokkar, luer og godt humør. Eg var gira, men merka meg likevel at nokon hoppbakke var ikkje å sjå nokon stad. Hoppbakkar høyrar liksom med på ideen om hopprenn.

Det var tydeleg at eg ikkje hadde fått heilt med meg konseptet for denne hopprennturen. Hoppbakken var i ei li. For dykk som kjenner til omgrepa for å definere storleiken på hoppbakkar, så kan eg meddele at denne var ein K20-bakke. Ikkje så veldig stor, med andre ord. Bakkerekorden er på 25 meter, og stemninga rundt denne type bakkar er i overkant joviale. Skrekkeleg jovialt, eigentelg. Og eg, som eigentleg ikkje bryr meg katta om skihopp, merka fort at dette er idrett etter mitt hjarte!

I tillegg til K20-bakken var der ein K5-bakke. Der kunne dei mindre barna hoppe. Det var tri omganger i begge bakkene, og reglane var like for store og små. Det var om å gjere å hoppe lengst. Arrangøren hadde takka nei til dommarar, så stilpoeng blei ikkje delt ut. Om ein datt, så hadde det ingenting å seie. Ein unge som hoppa i den minste bakken prøvde seg på v-stil. Forsøket var synleg, heilt til heile guten forsvann i ein sky av snø frå sitt eiga fall. Eit vanvittig stort fall med tanke på at bakken var så liten. Likevel lyder det frå høgtalaren “Marco i kjend v-stil. For eit hopp! For eit fantastisk hopp! Det blei heile 3,5 meter! Ja, denne guten ser me nok meir til framover. Fytta katta for eit flott hopp!” Det at guten landa på ansiktet og magen hadde ingenting å seie. Eg storkosa meg. Dette er hopprenn for slike som meg! Då dei eldre skulle hoppe i den såkalla store bakken kom dei på at ingen hadde tenkt på startnummer. Dei blei difor kalla opp etter yrkestittel: speidaren, læraren, presten, rørleggjaren, studenten, slankaren, Glenn og Helgesen var dei som stod klare på toppen. Vinnaren (min dagpappa) stakk av med seiaren. Hoppa 22 meter og folk var ville av jubel. Så pakka dei saman og gjekk heim. Ikkje meir hokus pokus enn det. Genialt.

Lokalavisa og menighetsbladet tok bilder av han, eg fekk kaffi og tørre sokkar, sola stod på maks øverst på himmelen og skyane hadde tatt seg fri. Det var ein perfekt dag.

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious

Velkommen tilbake, Bareenmann!
No er Bareenmann.com tilbake!

Og ikkje nok med det, men han har introdusert meg for denne. Fantastisk!

Hero from Miguel Endara on Vimeo.

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious

Prosessen. Magien i gammal kjærleik
Det er noko magisk over kjærleiken eit gammalt ektepar kan kjenne for kvarandre. For ei tid sida publiserte eg eit innlegg om min kjære bestefar som fortsatte livet ein anna stad. No er bestemor der saman med han, håpar eg. Eit halvt år etter reiste ho etter. Ho var einsom utan han. Skrekkeleg einsom. Ho hadde besøk av familie og venner mest kvar dag. Likevel var ho einsam. Mannen hennar var ikkje lengre der. Ho var ikkje dement, ikkje uklar og ikkje sjukare enn ein kan forvente av ei dame på mest 94 år. Ho og bestefar hadde vore gift lengre enn mange lever. For ein gongs skuld kan ein bruke “ein mannsalder” i ordas rette forstand. Dei hadde vore gift i ein mannsalder. Og no er det over. Over for oss som står igjen. Oss som framleis feller tårar for at ho ikkje er med oss lengre. Egoistisk på eit vis. Ho har det nok veldig, veldig fint. Ho er der ho har venta på å vere i eit halvt år. No er ho der.

Men det er noko magisk over den kjærleiken to gamle menneske har for kvarandre. Eg såg dei aldri klemme kvarandre. Eg såg aldri at dei holdt rundt kvarandre. Med mindre dei hjalp kvarandre opp frå ein stol, eller over glatta, eller på ein eller anna måte hjalp kvarandre med noko, då såg eg at dei holdt på kvarandre. Eg lurar forresten på om eg minnast ein gong eg såg dei holdt kvarandre i hendene, utan at det var for å hjelpe kvarandre.

Sjølv om dei ikkje var så fysiske med kvarandre, var det tydeleg at dei elska kvarandre over alt på denne jord. Gode ord. Blikk så kjærlege at dei kunne vore fredsskapande. Dei hadde ein enorm kjærleik for kvarandre. I mange, mange år. Dei hadde kvarandre. Dei hadde kvarandre. Heilt til førre sommar. Han var så gammal og kroppen hans var ikkje frisk nok til å la livet bli verande. Ho blei verande. Verande igjen aleine. Eit halvt år var ho aleine. Dønn aleine, men med folk rundt seg. Folk som var glad i ho, snakka med ho, hjalp ho og ønska det beste for ho. Likevel var ho dønn aleine. Heilt til no. No er ho ikkje aleine lengre. No er ho der ho heile tida hadde håpa på å komme. Kroppen hennar var sliten. Ho var sliten. For sliten til å la livet bli verande. Me blei verande. Alle me andre er framleis her. Aleine. Saman.

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious

Hjelp meg med å vinne Bjørn tilbake!
Min svigerfar

Dei fleste har sett den evig fantastiske “The Bodyguard” på kino eller film. Hovudrolla i denne filmen, Kevin Costner som speler Frank Farmer, likar veldig på min svigerfar.

Nokre scener i denne filmen utspelar seg på ei hytte i skauen. Ei hytte med eit fantastisk snødekka landskap rundt seg. Vel, ikkje for å skryte, men her var eg i natt. Her var eg og koste meg saman med eit par venner, pappa og ikkje minst Bjørn Eidsvåg. At eg og Bjørn er gode venner, veit dykk kanskje?

Men noko skjedde. Noko blei ikkje som det skulle. I løpet av kveldsmaten reiste Bjørn seg og gjekk ut. Han gjekk ut og ned i ei mindre hytte der han hadde sin sengeplass. Eg måtte spørre andre for å finne ut kor han hadde gått. Då eg fann han holdt han på å pakke tinga sine for å reise.

“Men i all verda! Skal du reise!” Sa eg og prøvde å ta frå han det han holdt på å legge i kofferten.

“Du forstår det ikkje, gjer du? Du forstår ikkje!” Sa Bjørn ganske irritert.

“Har eg gjort noko gale? I så fall må du seie kva eg har gjort. Eg må vite kva eg har gjort så eg kan få gjort det godt igjen”, sa eg med eit snev av frustrasjon og bekymring. Kva hadde eg gjort som kunne få Bjørn til å ville reise på flekken. Og kvifor i all verda hadde eg ikkje fått med meg at eg hadde gjort (eventuelt ikkje gjort) noko?

(Det var då det gjekk opp for meg at den lille hytta me var i, faktisk var eit nabohus heime i den grenda eg kjem frå. Her hadde visstnok naboen planar om å opne ein bagelOjuice, så det passa nok litt dårleg at eg og Eidsvåg skapte drama der då)

“Me er bestevenner, sant?” Han hadde slutta å pakke. “Me kan liksom seie alt til kvarandre? Inga hemmelegheiter?”

“Sjølvsagt!”, sa eg. Plutseleg kjente eg ei voldsam trekk og gjekk for å lukke eit vindauge. Då eg kom tilbake var ikkje Eidsvåg veldig glad for prioriteringa vindauge vs. Eidsvåg.

“Har du tenkt….” var alt han rakk å seie føre eg hadde sett nesa mot neste vindauge som måtte lukkast. Det var kommen så veldig mange vindauger på det vesle bygget. Så veldig, veldig mange oppgåver. Kjente meg sliten då eg såg meg rundt og det gjekk opp for meg kva for ein jobb eg hadde føre meg. Ein veldig stor jobb med å lukke vindauger. Veldig, veldig stor jobb.

Så vakna eg. Vakna til skammen over å ha velt vindauga føre min kjære venn Bjørn Eidsvåg. Kva skal eg gjere? Kva hadde eg gjort? Kvifor var han sinna på meg? Korleis kunne eg rette opp i det? Han hadde jo sjølv sagt at me var bestevenner og at me kunne seie alt til kvarandre? Kanskje var det føre eg fekk denne store jobben med vindaugelukking plasstert føre meg.

Om nokon kan hjelpe meg å finne ut korleis eg kan gjere dette godt igjen, ville eg vore kjempetakksam. Trenger å skvære opp med han Bjørn, kjenner eg.

Kjære Bjørn Eidsvåg! Tilgi meg!

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious

Slik ein sommartur skal vere
Snøen har endeleg kommen til Grimstad. Fram til no har eg og Gubbe sagt at me bur i Syden. Her har me kost oss med varmegrader, bare vegar og god stemning. Me har òg kost oss med stormar, kjensla av at huset skal rase saman og vassrett regn. Men ja, no er snøen her. Eg er usikker på kva eg meiner om det. Fram til eg var 18 år likte eg snøen veldig godt, no er eg blitt gammal og grå (skulle ein tru) og meiner at snøen er fin å sjå på, gild å renne på ski på og fabelaktig på alle måtar dersom ein på eiga initiativ kan oppsøke snødekte område. Riktignok er ikkje snøvinter i Grimstad på langt nær så ille som Oslo. Å parkere i Oslo sine gater, når snømåkarane aldri får mogelegheit til å fjerne snøen, er eit mareritt. Heldigvis er eg velsigna med ein Gubbe som berre ler godt for seg sjølv når han må spinne bilen på plass i ei snøfonn i Underhaugsveien. Eg likar å gå, eg.

Men no er ho her; vintaren. Eg finn fram minner frå sommerturar og vennegjengen som sett kurs for skauen og vassdrag med kano på slep. For eit par somarar sida var me fire på tur. Eg, Gubbe og eit vennepar. Me hadde med oss to kanoar og to telt (i tilfelle det skulle starte å regne). Med nasa retta mot telemarkvassdraget sine fine område plumpa me i elva og starta å padle. I nokre timar padla me og fann ein stad der me kunne slå oss ned for kvelden. Bål og bading. Fisking og bacongrilling. Teltoppsetjing og planlegging av morgondagen. Det er akkurat slik ein sommartur skal vere. Ikkje noko fancy flyturar og champis. Kano, telt og kaffilars, ja takk!

Dagen etter skulle me heim att. Det var ikkje lange turen me hadde tid til den travle sommaren 2010 eller 2009. Å padle opp stryk er noko tyngre enn å padle ned stryk, fann me ut. Å padle opp stryk kor ein merkar at kanoen framleis går bakover er rett og slett umotiverande og slitsomt. Etter ein rask kikk på kartet fann me ut at vegen (som førte til der bilane stod) ikkje var så langt unna der me då var. Litt bæring av kanoar måtte me då klare? Med to kanoar, fire ryggsekkar, to telt, fire soveposar, posar med mat og fire redningsvestar fann me ut at bæring er inga sak. Alt skal fram på ei vending. Og opp me gjekk. Opp ei bratt skråning, gjennom ei blaut myr og gjennom eit høgsfelt. Alt var med, til tross for at me to jentene kjente oss bittelitt slitne og var ikkje så gira på å bære noko av betydeleg tyngde. Gutane fekk ta seg av det. Ein skal jo vere gentleman, tross alt. Då me kom til vegen var gutane slitne, merkeleg nok. Eg og venninna skulle gå det me trudde var ein 3 km lang tur bort til bilane, for så å køyre tilbake til gutane. Me gjekk, og gjekk, og gjekk og gjekk. Og til slutt kom me fram til ein bil som hadde tilhengar som slo seg vrang, og ein bil som ikkje ville starte. Medan me styra litt for å få bilane til å gjere som dei fekk beskjed om, satt gutane i høgskanten langs vegen med to kanoar heile oppakninga og eit stort kart. Ikkje eit einaste vaten å sjå. Folk som passerte i bil og motorsyklar må nok ha stussa litt på kvifor to kanoturistar hadde hamna der av alle stadar. Kanskje lo dei litt. Kanskje fekk dei dårleg samvit for at dei ikkje viste gutane det næraste vatnet. Kanskje fekk dei lyst til å ta bilde. Gutane fekk iallefall mange blikk, og kjente seg langt i frå hattehøge.

Bilane starta og me fekk plukka opp våre kjære gutar. Turen var over og me var solbrente og lukkelege.

Det er slik turar skal vere. Akkurat slik.

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious

FniseBetta og slankeshit
Det er noko med nyttårsskifte der mange har nyttårsforsett som skal gjere livet supert. Røyen skal stumpast og magen skal inn. Kroppen skal ut og intelligensen skal opp. Dei siste dagane har TV’n vore full av helsemyndigheitanes antirøykekampanje og ulike produsentars slankepiller. Atkins (som eg blandar med Atkinson som nok heller vil bli hugsa for sine tankar innaføre pedagogikk og ikkje korbofattig mat) er framleis ein heit mann som damene faller pladask for. Pengene blir kasta etter dei som lettast klarar å reklamere for piller som gjer til at kroppen ikkje tar til seg ulike stoffer, som sikkert har ein eller anna vital effekt for eit eller anna organ.

Her er forsida på life.no, dei som meiner dei er Noregs beste helsekostkjede.

Det at folk flest ikkje går noko særleg ned i vekt ved bruk av slike piller, har ikkje så mykje å seie. Og om dei går ned i vekt, så er det sannsynleg at dei går opp igjen etter at pillebruken og shakedrikkinga er over. Kanskje blir dei til og med tjukkare enn dei var. Det er jo flott det. Slanking som førar til fedme?

Uansett: Kva er det som eigentleg hjelp. Blokkere stoffer som gjer til at ein går ned i vekt, sjølv om desse stoffane eigentleg er lurt å få i seg, slik at magen blir mindre, men henger som ein slags dårleg pizzadeig? Eller trene litt ekstra for å gå ned i vekt på ein naturleg og fin måte? Dessutan seier ein jo at trening hjelper for meir enn berre midjemålet. Ein skal visstnok kjenne seg opplagt og klar for nye utfordringar når ein har trena. Eg skal seie det at når eg har trena er eg lagt i frå opplagt. Eg ligg langflat på golvet og kjenner at natta kan komme, helst med ein gong, helst med dyne som daler ned over meg slik at eg slipp å flytte meg ein millimeter.

Vel… Eg har inga nyttårsforsett. Inga planar om å setje meg mål om å gå ned i vekt, starte å røyke for så å slutte igjen, bruke meir eller mindre tid på eit eller anna. Nei, eg skal ha det fint eg. Det er min plan.

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious

Pengesløseri og kjemikaliepang
Ein treng litt embalasje av enten plast eller papir av noko slag. Oppi der putter ein oksidasjonsmiddel og ein eller anna form for brennstoff, gjerne aluminium, magnesium eller magnalium. Ein kan òg gjerne putte oppi litt kjemikaliar for å få litt ekstra piff på sakane. Personleg likar eg ikkje så godt alle desse fargane som alle kjyter så felt av, men om det skal vere noko så får det vere koparklorid som gjer ei klar blåfarge. Alt skal i embalasjen, og så stappar ein ei lunte i, tenner på og spring. Opp i veret fyk ei ildkule som eksploderar i ei stor rose av lys. Ein skal stå å sjå på denne rosa heilt til ho forsvinn. Deretter skal ein kikke på kvarandre og nikke anerkjennande for så å vende anletet mot himmelen og vente på neste lysrose. Pengane dalar ned i skjul. Pang, Bang, Poff og borte. Alt som står igjen er ei lite grå dott av røyk som prøvar å ta seg like godt ut som det vakre, glitrande som just var der.

Det er nyttårsaften eg snakkar om. Sjølvsagt. Rundt midnatt står mest heile verda med nasa i sky for å sjå på desse mønstra, det eine større og vakrare enn det andre. Vel… Det er noko tøys. Det er noko forbanka tøys å bruke så vanvittig mykje peng på fyrverkeri, meinar no eg. Meiner eg i alle fall stort sett heile tida. Eg meiner det nesten heile året. Ikkje akkurat rundt klokka 00.00… Misforstå meg rett, eg brukar ikkje peng på fyrverkeri sjølv. Nei, ikkje tale om! Men akkurat då klokka runder 00.00 og året blir eit hakk eldre, ja då står eg òg med nasa i sky for å få med meg det fasinerande brennande kjemikaliar har å by på. Eg likar det litt.

Men det var i går. No er eg tilbake til normalen. Fyrverkeri er tøys.

Godt nytt år, alle saman! Helsing Grimstad.

Tweet

Facebook

LinkedIn

Tumblr

Stumble

Digg

Delicious