I snart eit år har det vore 2011. For min del har dette vore det året der det har skjedd flest store og små ting. Mykje har eg planlagt, og mykje har skjedd så fort at eg ikkje heilt har klart å henge med. Men her er eg no. Eg heng no her og dinglar i enden av 2011, og kjenner at eg er klar for å slippe taket for så å lande trygt på begge beina i 2012.
Det er noko med nyttårsaften som gir meg smil og dyste tankar. Uansett kva dritt ein har gjort i 2011, så er året over og det svarte holet er klart for å gravast igjen. No er det no slik at eg har hatt eit utruleg godt år. Det har vore eit rart år, mange tårar har eg felt, men mange smil har eg og sendt ut. Eg har gifta meg, kjøpt og pussa opp leiligheit, starta på ny skule og kjenner at det er gode ting i eit langt år.
Men eg kjenner igjen denne blogposten til Antibloggeren; Det er mange, mange ting eg ikkje har fått gjort, og ein møtar seg sjølv i døra på nyttårsaften og får dette slengt i trynet. Likevel har dette året vore eit flottings år.
Planane for 2012 er likevel mange.
- Fullføre utdanninga – veldig sannsynleg
- Starte på mastergraden – veldig sannsynleg
- Pusse opp roterommet til kontor – ganske sannsynleg
- Få meir tid til å lese bøker – sannsynleg
- Skaffe meg jobb – sannsynleg
- Reise på tur med Kjersti – bør vere sannsynleg
- Jobbe med frivillig arbeid – veldig sannsynleg
- Reise til USA – ikkje så veldig sannsynleg
- Reise til Kina – ikkje så veldig sannsynleg
- Vinne i lotto så eg kan kjøpe meg bil og parkeringsplass – høgst usannsynleg
Det er gode planer, og det er bra med innsikt nok til å vurdere hvorvidt de er sannsynlige eller ikke!
2012 blir et spennende år! Jeg tror det blir et veldig bra og utfordrende år, og jeg synes så absolutt pkt 6) bør være sannsynlig! Om ikke annet, så kanskje en tur til Gøteborg hvor du kan lose meg rundt i dine gamle hjemtrakter og jeg kan vise deg min favorittrestaurant?
Det er ein date! Eg er så klar for Göteborg saman med deg. Store deler av mitt hjarte ligg i den byen
Eg gledar meg til å reise saman med deg!