pust pust pust pust
ein gong til
sjå opp, sjå!
Vinden leikar seg mellom ospeblada
Roleg, vilt
Ta det med ro no
pust ut
Det har vore stille her i det siste. Veldig stille.
I løpet av fire veker har eg vore i to bryllauper (der det eine var mitt eiga), bryllaupsreise og to gravferder. Me veit jo alle kva som hende den 22. juli. Orkar ikkje setje ord på det, det er så mange som gjorde det. Det var denne dagen eg var på bryllaupsreise i Italia, og fekk telefon om at eit familiemedlem hadde sovna inn. Dei klare blå augene, det sterke sinnet, det lune smilet, dei gode meiningane, det gode, gode mennesket hadde gått bort. Min nære nabo, kjære familiemedlem og gode venn var daud. Eg kjenner tårane presser i skrivande stund. Han var mitt idol.
Det å vere så lukkeleg og så trist på same tid er veldig vondt. Å vere lukkeleg over at eg no er gift med min mann har gjort mitt hjarte større. På same tid er det eit tomrom som eg enno ikkje veit korleis eg skal fylle. Eg treng å summe meg litt. Trenger litt tid.
Kvardagen er starta. Kveitebrødsdagane. Det er spanande å ha starta på nytt universitet. Det er ei heilt ny verd for meg no. På ein god måte, eigentleg. Mange inntrykk som eg skal fordøye, og eg likar denne prosessen. Eg har funnet meg eit nytt vindauge som eg kan kikke ut av medan eg tenkjer på det eg nett hadde lest. Det er ei ro. Ei god ro.
I’ll be back.
You’ll be back.
Jeg tenkte på gode, gamle Bo Kaspers Orkester da jeg leste det du skreiv: “Vi tar en dag, ett ögonblick i sänder” En nydelig sang som det var lenge sida jeg hadde hørt.
Det er dette du skal gjøre, Betta. Ta en dag om gangen. Ett øyeblikk av gangen.
*Klem*
Du er flott, Kjersti. Det er nettopp det eg skal gjere. Og det er det eg har gjort no.
Et stort hjerte til deg<3
fina.
as brothers we'll stand as we hold your hand.
<3
[...] å gravast igjen. No er det no slik at eg har hatt eit utruleg godt år. Det har vore eit rart år, mange tårar har eg felt, men mange smil har eg og sendt ut. Eg har gifta meg, kjøpt og pussa opp leiligheit, starta på ny [...]
[...] magisk over kjærleiken eit gammalt ektepar kan kjenne for kvarandre. For ei tid sida publiserte eg eit innlegg om min kjære bestefar som fortsatte livet ein anna stad. No er bestemor der saman med han, håpar [...]