Straumen

42 og kaffekoppen er dei ultimate svara. Utover det har eg ikkje noko konkret å komme med.

Slik ein sommartur skal vere

Written By: Betta - Jan• 25•12

Snøen har endeleg kommen til Grimstad. Fram til no har eg og Gubbe sagt at me bur i Syden. Her har me kost oss med varmegrader, bare vegar og god stemning. Me har òg kost oss med stormar, kjensla av at huset skal rase saman og vassrett regn. Men ja, no er snøen her. Eg er usikker på kva eg meiner om det. Fram til eg var 18 år likte eg snøen veldig godt, no er eg blitt gammal og grå (skulle ein tru) og meiner at snøen er fin å sjå på, gild å renne på ski på og fabelaktig på alle måtar dersom ein på eiga initiativ kan oppsøke snødekte område. Riktignok er ikkje snøvinter i Grimstad på langt nær så ille som Oslo. Å parkere i Oslo sine gater, når snømåkarane aldri får mogelegheit til å fjerne snøen, er eit mareritt. Heldigvis er eg velsigna med ein Gubbe som berre ler godt for seg sjølv når han må spinne bilen på plass i ei snøfonn i Underhaugsveien. Eg likar å gå, eg.

Men no er ho her; vintaren. Eg finn fram minner frå sommerturar og vennegjengen som sett kurs for skauen og vassdrag med kano på slep. For eit par somarar sida var me fire på tur. Eg, Gubbe og eit vennepar. Me hadde med oss to kanoar og to telt (i tilfelle det skulle starte å regne). Med nasa retta mot telemarkvassdraget sine fine område plumpa me i elva og starta å padle. I nokre timar padla me og fann ein stad der me kunne slå oss ned for kvelden. Bål og bading. Fisking og bacongrilling. Teltoppsetjing og planlegging av morgondagen. Det er akkurat slik ein sommartur skal vere. Ikkje noko fancy flyturar og champis. Kano, telt og kaffilars, ja takk!

Dagen etter skulle me heim att. Det var ikkje lange turen me hadde tid til den travle sommaren 2010 eller 2009. Å padle opp stryk er noko tyngre enn å padle ned stryk, fann me ut. Å padle opp stryk kor ein merkar at kanoen framleis går bakover er rett og slett umotiverande og slitsomt. Etter ein rask kikk på kartet fann me ut at vegen (som førte til der bilane stod) ikkje var så langt unna der me då var. Litt bæring av kanoar måtte me då klare? Med to kanoar, fire ryggsekkar, to telt, fire soveposar, posar med mat og fire redningsvestar fann me ut at bæring er inga sak. Alt skal fram på ei vending. Og opp me gjekk. Opp ei bratt skråning, gjennom ei blaut myr og gjennom eit høgsfelt. Alt var med, til tross for at me to jentene kjente oss bittelitt slitne og var ikkje så gira på å bære noko av betydeleg tyngde. Gutane fekk ta seg av det. Ein skal jo vere gentleman, tross alt. Då me kom til vegen var gutane slitne, merkeleg nok. Eg og venninna skulle gå det me trudde var ein 3 km lang tur bort til bilane, for så å køyre tilbake til gutane. Me gjekk, og gjekk, og gjekk og gjekk. Og til slutt kom me fram til ein bil som hadde tilhengar som slo seg vrang, og ein bil som ikkje ville starte. Medan me styra litt for å få bilane til å gjere som dei fekk beskjed om, satt gutane i høgskanten langs vegen med to kanoar heile oppakninga og eit stort kart. Ikkje eit einaste vaten å sjå. Folk som passerte i bil og motorsyklar må nok ha stussa litt på kvifor to kanoturistar hadde hamna der av alle stadar. Kanskje lo dei litt. Kanskje fekk dei dårleg samvit for at dei ikkje viste gutane det næraste vatnet. Kanskje fekk dei lyst til å ta bilde. Gutane fekk iallefall mange blikk, og kjente seg langt i frå hattehøge.

Bilane starta og me fekk plukka opp våre kjære gutar. Turen var over og me var solbrente og lukkelege.

Det er slik turar skal vere. Akkurat slik.

FniseBetta og slankeshit

Written By: Betta - Jan• 03•12

Det er noko med nyttårsskifte der mange har nyttårsforsett som skal gjere livet supert. Røyen skal stumpast og magen skal inn. Kroppen skal ut og intelligensen skal opp. Dei siste dagane har TV’n vore full av helsemyndigheitanes antirøykekampanje og ulike produsentars slankepiller. Atkins (som eg blandar med Atkinson som nok heller vil bli hugsa for sine tankar innaføre pedagogikk og ikkje korbofattig mat) er framleis ein heit mann som damene faller pladask for. Pengene blir kasta etter dei som lettast klarar å reklamere for piller som gjer til at kroppen ikkje tar til seg ulike stoffer, som sikkert har ein eller anna vital effekt for eit eller anna organ.

Her er forsida på life.no, dei som meiner dei er Noregs beste helsekostkjede.

Det at folk flest ikkje går noko særleg ned i vekt ved bruk av slike piller, har ikkje så mykje å seie. Og om dei går ned i vekt, så er det sannsynleg at dei går opp igjen etter at pillebruken og shakedrikkinga er over. Kanskje blir dei til og med tjukkare enn dei var. Det er jo flott det. Slanking som førar til fedme?

Uansett: Kva er det som eigentleg hjelp. Blokkere stoffer som gjer til at ein går ned i vekt, sjølv om desse stoffane eigentleg er lurt å få i seg, slik at magen blir mindre, men henger som ein slags dårleg pizzadeig? Eller trene litt ekstra for å gå ned i vekt på ein naturleg og fin måte? Dessutan seier ein jo at trening hjelper for meir enn berre midjemålet. Ein skal visstnok kjenne seg opplagt og klar for nye utfordringar når ein har trena. Eg skal seie det at når eg har trena er eg lagt i frå opplagt. Eg ligg langflat på golvet og kjenner at natta kan komme, helst med ein gong, helst med dyne som daler ned over meg slik at eg slipp å flytte meg ein millimeter.

Vel… Eg har inga nyttårsforsett. Inga planar om å setje meg mål om å gå ned i vekt, starte å røyke for så å slutte igjen, bruke meir eller mindre tid på eit eller anna. Nei, eg skal ha det fint eg. Det er min plan.

Pengesløseri og kjemikaliepang

Written By: Betta - Jan• 01•12

Ein treng litt embalasje av enten plast eller papir av noko slag. Oppi der putter ein oksidasjonsmiddel og ein eller anna form for brennstoff, gjerne aluminium, magnesium eller magnalium. Ein kan òg gjerne putte oppi litt kjemikaliar for å få litt ekstra piff på sakane. Personleg likar eg ikkje så godt alle desse fargane som alle kjyter så felt av, men om det skal vere noko så får det vere koparklorid som gjer ei klar blåfarge. Alt skal i embalasjen, og så stappar ein ei lunte i, tenner på og spring. Opp i veret fyk ei ildkule som eksploderar i ei stor rose av lys. Ein skal stå å sjå på denne rosa heilt til ho forsvinn. Deretter skal ein kikke på kvarandre og nikke anerkjennande for så å vende anletet mot himmelen og vente på neste lysrose. Pengane dalar ned i skjul. Pang, Bang, Poff og borte. Alt som står igjen er ei lite grå dott av røyk som prøvar å ta seg like godt ut som det vakre, glitrande som just var der.

Det er nyttårsaften eg snakkar om. Sjølvsagt. Rundt midnatt står mest heile verda med nasa i sky for å sjå på desse mønstra, det eine større og vakrare enn det andre. Vel… Det er noko tøys. Det er noko forbanka tøys å bruke så vanvittig mykje peng på fyrverkeri, meinar no eg. Meiner eg i alle fall stort sett heile tida. Eg meiner det nesten heile året. Ikkje akkurat rundt klokka 00.00… Misforstå meg rett, eg brukar ikkje peng på fyrverkeri sjølv. Nei, ikkje tale om! Men akkurat då klokka runder 00.00 og året blir eit hakk eldre, ja då står eg òg med nasa i sky for å få med meg det fasinerande brennande kjemikaliar har å by på. Eg likar det litt.

Men det var i går. No er eg tilbake til normalen. Fyrverkeri er tøys.

Godt nytt år, alle saman! Helsing Grimstad.

Snart ferdig med 2011. Greitt!

Written By: Betta - Dec• 31•11

I snart eit år har det vore 2011. For min del har dette vore det året der det har skjedd flest store og små ting. Mykje har eg planlagt, og mykje har skjedd så fort at eg ikkje heilt har klart å henge med. Men her er eg no. Eg heng no her og dinglar i enden av 2011, og kjenner at eg er klar for å slippe taket for så å lande trygt på begge beina i 2012.

Det er noko med nyttårsaften som gir meg smil og dyste tankar. Uansett kva dritt ein har gjort i 2011, så er året over og det svarte holet er klart for å gravast igjen. No er det no slik at eg har hatt eit utruleg godt år. Det har vore eit rart år, mange tårar har eg felt, men mange smil har eg og sendt ut. Eg har gifta meg, kjøpt og pussa opp leiligheit, starta på ny skule og kjenner at det er gode ting i eit langt år.

Men eg kjenner igjen denne blogposten til Antibloggeren; Det er mange, mange ting eg ikkje har fått gjort, og ein møtar seg sjølv i døra på nyttårsaften og får dette slengt i trynet. Likevel har dette året vore eit flottings år.

Planane for 2012 er likevel mange.

  1. Fullføre utdanninga  – veldig sannsynleg
  2. Starte på mastergraden – veldig sannsynleg
  3. Pusse opp roterommet til kontor  – ganske sannsynleg
  4. Få meir tid til å lese bøker – sannsynleg
  5. Skaffe meg jobb – sannsynleg
  6. Reise på tur med Kjersti – bør vere sannsynleg
  7. Jobbe med frivillig arbeid – veldig sannsynleg
  8. Reise til USA  – ikkje så veldig sannsynleg
  9. Reise til Kina – ikkje så veldig sannsynleg
  10. Vinne i lotto så eg kan kjøpe meg bil og parkeringsplass – høgst usannsynleg

 

 

 

Adjø, Twitter

Written By: Betta - Dec• 30•11

 

Det er noko med det å vere avhengig eg ikkje likar. Det å vere avhengig av noko er i dei aller fleste tilfelle ein dårleg ting. Alkohol, røyk, rusmidler, medikament, penger, makt, hjelp, personer og alt anna som får ein til å miste taket på dei tinga i livet som tyder noko.

Eg hugsar ikkje heilt kor tid eg oppretta twitterkonto, men sida den dagen har eg vore innlogga minst ein gong om dagen. Kvar dag. Kvar einaste dag. Nokre dagar var eg pålogga mest 24 timer i døgnet.  No er det nok. Twitter er interessant, og til tider veldig morosamt, men twitter er ikkje livsviktig for meg. Og no merkar eg at eg er såkalla avhengig av dette sosiale medie, og då er det betre å kutte det ut. Profil sett på pause. Fritid og sosialt liv utanom Internet er atter oppretta. Det er ok, igrunn.

Men Twitter er lurt! Inga tvil om det. Hadde det ikkje vore for twitter hadde eg ikkje visst kva printer eg skulle kjøpe, kva ekstern harddisk ein burde invistere i, kor det er best å ete ute i Oslo, Bergen og Grimstad. Eg hadde ikkje visst så mykje om kor i verda eg skal oppsøke for å treffe fine kulturar og flotte menneske, og eg ville ikkje ha tenkt over kor fint det er å snakke eller skrive med menneske ein eigentleg ikkje kjenner. Eg hadde ikkje klart å vere så oppdatert på dagsaktuelle sakar om eg ikkje hadde budd på twitter. Eg hadde ikkje opplevd den utrulege varmen som oste ut av skjemen 22. juli, og dagane etter, om eg ikkje hadde budd i twitterverda. Twitter er ein genial arena for deling av kunnskap og informasjon. Twitter er ein genial arena for å treffe interessante og gode folk. Twitter er ein arena der ein han halde kontakt med folk ein trudde ein aldri ville treffe igjen. Twitter er ein arena for meiningar og diskusjonar, for promotering og formidling. Twitter er ein arena der ein kan vere seg sjølv, eller si eiga fikitve person. Twitter er ein arena der det er plass til alle, og alle har ein stemme som blir høyrd. Og no meldar eg meg ut.

Den einaste grunnen til at eg no legg twitter vekk er at eg kjenner at eg brukar tid og energi på twitter som går ut over tida eg bruker på skule, reingjering, mannen min, venner, bøker, handarbeid, cafébesøk, gåturar, tenketurar og andre større eller mindre prosjekter eg meiner er verdt mi tid i større grad enn eg har via til no. No ønskjer eg å omprioritere. Eg har like mykje tid i døgnet som alle andre. Eg kjenner eg slit med å få timane til å strekke til, slik som mange andre. Eg kjenner ikkje behovet for å twitre meir, slik som nokon andre. Og eg er no ferdig med twitter, slik som få andre.

Til alle mine 900-1000 føljarar på twitter: tusen takk for all moro! @Bettabettabetta legg inn årene.

Hoftane rullar og kaffien skvalpar

Written By: Betta - Dec• 22•11

Det er desember, det er mørkare ute… og inne for den saks skuld. Eg har alt hatt juleferie lenge. Gubben får ferie i dag. Eg har med andre ord vore ein del aleine dei siste vekene. Kjedeleg, kan kanskje mange tenkje. Vel… Kanskje? Kanskje ikkje… Eg veit korleis eg kan få tida til å gå. Klisje nok, så er musikk ein av dei tinga. Sett på litt musikk, fyll kaffikoppen og la det stå til! Dansetrinna kjem fram frå det indre. Kanskje burde alt som er relatert til dans bli verande der inne, men når eg er aleine med Adele, ja då rullar hoftane og kaffien skvalper. Særleg når dette kjem:

You should know that you’re just a temporary fix
This is not rooted with you it don’t mean that much to me
You’re just a filler in the space that happened to be free
How dare you think you’d get away with trying to play me

Iiiiiii! I like! Lurar på om Gubben sett pris på at eg digger songer om at “you’re just a temporary fix”…

Nå skal eg skvalpe litt til, rulle litt til og høyre songen for n’te gong. O’ herlege jul. Takk Gud for at ingen ser meg, eller for at eg ikkje veit at nokon kan sjå meg.

Hatten skal etast og Jon Fosse er bra.

Written By: Betta - Dec• 13•11

Det er lett å bli irritert og deprimert når ein les teskter av Jon Fossse. Eg blir i allefall det.

Etter jul startar eg opp med studie igjen. Juleferien kom tidleg i år, og eg har difor vore passe skulenerd og kikka litt på pensumlistene for våren. Eg skal studere eit halvt år med norsk (norsk 3). På pensumlitteraturen står det ein del skjønnlitteratur. Slikt gjer meg lukkeleg. Eg har i det siste velt å lese skjønnlitterære bøker som står på pensumlitsa for våren. Lurt og gøy.

I helga blei eg ferdig med “Det er Ales” av Jon Fosse. Tekstane Jon Fosse skriv er langsomme. Inderlege. Ein blir dratt rett inn i ein inderleg kjærleikshistorie. Boka er tynn. Lettlest – ferdiglest på eit blunk. Rett over 70 sider. På desse 70 sidene får me presentert fem generasjonar. På same tid er språket langsomt og varsomt. Eg blir imponert, sørgmodig og rolig av å lese “Det er Ales”.

Tidlegare har eg lest “Sonen” av Fosse. Ei lita bok som eg ikkje fekk heilt sansen for. Trua på at eg ville like “Det er Ales” var difor lita. Veldig lita. Eg er positivt overraska, og kjenner ei trong til å ete hatten min. Kvalmande ord om Jon Fosse skal eg ta tilbake. Han er rar. Veldig rar. Veldig sær, men eg likar det. Eg likar Fosse og eg likar tekstane han produserar.

Takk, Jon.

Written By: Betta - Dec• 12•11

Seinare i livet skal eg kanskje roe ned på forbruket av kaffi. Kanskje. Kanskje fyrst etter at eg har fått magseår og mista alt håret.

I helga var eg i Sverige. Eg og familien min reiste til Sverige for å besøke ei dame i skauen som er sabla god på å trekke om møbel av alle slag. Det blei ein veldig fin tur. Som nordmenn flest, svippa me innom Nordby-senteret føre me putra over norskegrensa igjen. Rundt meg såg eg folk med fulle handlevogner, trøtte unger og over middels julekaos. Eg reiste frå Nordby-senteret med ny genser (som eg like gjerne kunne kjøpt her i Grimstad), samt ein kilo fin kaffe. Heile bønner. Ein må ha heile bønner. Eg er lukkeleg. Julegåver? Pøh! Nordby-senteret er så fullt av folk og ting, at ein klarar ikkje heilt å skilje ut det som er verdt noko og det som berre er mæl. Eg var ikkje innom matbutikken, ein gong. Pølsa får ligge. Eg stakk heim.

No sit eg no her. Det einaste som minner om jul er stjerna me har plassert i vindauget. MEN: Eg har kaffi. Alltid kaffi. Blandinga eg kjøpte i Sverige er riktignok ein klassisk blanding frå landa nord i Sør-Amerika, men det er ein god blanding. Fyldig og god i smaken. Eg er lukkeleg. Julestrid, her kjem eg. Neste stopp: Juleverksted og juletrepynt.

 

Eg er priviligert

Written By: Betta - Dec• 07•11

November har vore her og lagt igjen sludd. Desember har så langt kommen med meir sludd. I leiligheita er det ei blanding av malinglukt og middagslukt. Oppussing er sett på pause. Eg er sett på pause.

Eksamen er alt over. Ei skikkeleg stressande periode resulterte i tidleg juleferie. Juleferie. Tankar om alt som bør gjerast føre jul er skriven ned i liste. Lista har eg lagt i ein skuff. Skuffen er lukka. Eg har snudd ryggen til.

Kvar år seier eg til meg sjølv, samt dei rundt, meg at eg drit langt i om julemarsipan blir solgt i butikkane frå oktober. Eg drit i om folk pyntar juletreet sitt i starten av november. Om folk har lyst, har dei lov. Sjølv likar eg jula, men berre om jula er på mitt premiss. Eg nekter å ha lilla lys i stova fordi nokon seier eg skal. Personleg likar eg ikkje lilla så godt. Eg likar grønt. Hos meg kan adventslysa vere grøne. Eg har tent to grøne lys. Det er ikkje fordi eg skal teste ut tradisjonane, for eg meiner adventstida er kjempeflott. Ventetida. Vente på det store som skjer. Det er dei lilla lysa eg ikkje likar.

Julestemninga hadde eg mista, trudde eg. Julestemninga slik eg kjente ho frå då eg var lita har eg mista for lenge sida. Julestemninga har endra seg. No kjenner eg større ro enn endelaus rastlausheit og engasjement. No kjenner eg meg meir bedageleg enn kjensla av iveren for å rekke alt som ei fullverdig jul skal inneber. Eg tar det i mitt tempo. Eg er framleis nygift. No er det vår tur til å starte vår tradisjon. Korleis den blir veit me ikkje føre det har gått eit år; kanskje blir han noko liknande denne adventstida. I så fall skal eg vere strålande nøgd.

Eg blir som regel melankolsk i juletida. Ei slags god form for melankoli. Eg likar dei rolegare songene som minnar meg på at eg har det overraskande godt. Eg ser filmar som får meg til å ønskje å hjelpe andre. Jula er sletts ikkje like grei for alle.

Eg er priviligert.

 

Skule og ettertanke

Written By: Betta - Nov• 18•11

Det er lite som er så stressande for meg som eksamensperiodar. Eg likar ikkje det faktum at eg skal bli testa, sjølv om eg på same tid forstår at det er testing som må til for å sikre at eg blir ein god lærar (i tillegg til praksis, sjølvsagt). Men la oss snakke litt om eksamen. Eksamen er kjipt; trur dei fleste kan gå med på den. Likevel er det slik at eg ikkje kjenner så mykje på nervene dette året som tidlegare. Kanksje er det fordi dette er siste år i utdanninga mi, og eg har blitt litt meir vant med situasjonen, kanskje er det fordi eg har grei call på pensumstoffet og kanskje er det fordi eg rett og slett har roa meg ned og har innsett at ein eksamenssrtyk ikkje er verdas undergang. Eg veit ikkje, men betre har eg blitt…

No er det under ei veke til fyrste eksamen. Eg skal testast i filosofi, etikk, religionsdialog og samfunnsvitenskapeleg religionsstudie. Det verkar fansy… Eigentleg er dette det same som RLE2. Religion, livssyn og etikk del 2. Del 1 er obligatorisk i lærarutdanninga, og eg tar no 30 poeng til. Eg har lyst til å bli ein lærar som har litt peiling på kva ho undervisar i.

Dette semesteret har me hatt ein del om religionsfridom, religionsdialog, etikk og moral, menneskeverd og mennesket som individuelt uerstattelege. På ei av spelelistene mine på Spotify har eg temamusikken frå Schindler’s list frå 1993. Musikken er fantastisk, men filmen er meir.

Kanskje er ikkje eksamen så viktig likevel?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...